Program
Tid og stad
Raulandsakademiet, 6.- 10. mars 2023
Undervisninga startar i Vinjesalen måndag kl. 09.00.
Nå nærmar det seg oppstart Modul 5. Les godt over informasjon og kva dykk skal ha med av utstyr.
Oppdatert deltakarliste blir sendt ut nærmare kursstart.
Kursmateriell
Materialpakke blir utdelt på kurset. Dersom nokon ønskjer å arbeide med eiga prosjekt, så må de ta det med kurslærar på førehand (sjå info. i kursplan).
Materialpakka inneheld:
- stoff til bukse,
- vest
- trøye
- lintråd
- stoff til besetning
- forstoff
- knappar
Ein skal berre sy halve størrelsar.
Utstyr deltakar må ha med
- Perm
- Plastlommer
- Blyant og viskelær
- Notatblokk
- Målband
- Knappenåler
- Kritt. Kvitt og farga
- Synåler
- 2 sneller bomull sytråd i ulike fargar
- 1 snelle svart bomull sytråd
- Fingerbøl eller sying
- Saks til stoff
- Saks til papir
- Spiss brodersaks
- Vinkellinjal/ linjal
- Lintråd og voks til tråden
- Pute til å ha på stolen. Det blir mykje stillesitting.
- Fotoapparat eller mobil som du kan ta gode bilete med for dokumentasjon. Eventuelt gjera opptak av teknikkar
Undervisninga tek til med felles samling kl. 09.00 måndag med informasjon og presentasjon av modulen. Lærarane orienterer om programmet for veka.
Etter planen vil undervisninga bli avslutta med lunsj kl. 12.00 fredag.
Kost og losji
Hugs å ta kontakt med Raulandsakademiet på tlf. 35 07 32 92, om du ønskjer overnatting der. Kost og losji på kjem i tillegg til kursavgift.
Dei tilbyr overnatting på enkelt- eller dobbeltrom, med frukost eller fullpensjon. Når de bestiller sei frå at det gjeld Bunadopplæringa.
Kurslærar
Joar Vaagø og Anny Strand
Velkommen!
Vedlegg:
Vekeplan
Modul 5 Saum i mannsbunad og innføring i tilpassing
Måndag, tysdag og ½ onsdag:
Saum av plagg i halv størrelse (vest, bukse og jakke)
onsdag (halve dagen):
Drakthistorie, informasjon om konfeksjonssydde-, skreddarsydde- og rekonstruerte bunader.
torsdag og ½ fredag:
Tilpassing av lerretsmodellar og mønsterjustering.
Undervisninga startar kvar morgon kl. 09.00 i Vinjesalen ved Raulandsakademiet, og de held på fram til middag kl. 18.00.
Veka avsluttas med lunsj fredag kl. 12.00.
Måltid:
08.00 – 09.00 Frukost
12.00 – 12.30 Lunsj
16.00 – 16.30 Kaffepause
18.00 – 19.00 Middag
(med atterhald om mindre endringar)
Kopiar frå Bunadsleksikonet om mannsbunad frå Numedal 1-6
Legg igjen en kommentar