Kategori: Bunad

  • Grindbånd vev – øve teknikk

    Grindbånd vev – øve teknikk

    Satte opp renning på 13 hulls grindvevkort i pvc fra heftet «Bunad – Hva er det?» som jeg fikk på regionledermøte i NH i helgen (sjekk ut husflid.no) i fargene grønt 8 T, gult 2 T og blått 3 T alle 3 m lengde. Innslag gult.

    H – M – H – M – H – M – H – M – H – M – H – M – H

    Gr  Gr  Gr Gu  Gu  Gr  Gr Gr   Bl   Gr   Bl  Gr   Bl

    Brukte tvinge for å fest arbeidet i bordplaten.

    Det tok litt tid før jeg fikk kontroll på islagstråden og fastheten slik at bredden på båndet ble jevn.

  • Modul 5 Saum av mannsbunad og innføring i tilpassing 6.-10.11.2023

    Program

    Tid og stad

    Raulandsakademiet, 6.- 10. mars 2023

    Undervisninga startar i Vinjesalen måndag kl. 09.00. 

    Nå nærmar det seg oppstart Modul 5. Les godt over informasjon og kva dykk skal ha med av utstyr.

    Oppdatert deltakarliste blir sendt ut nærmare kursstart.

    Kursmateriell

    Materialpakke blir utdelt på kurset. Dersom nokon ønskjer å arbeide med eiga prosjekt, så må de ta det med kurslærar på førehand (sjå info. i kursplan).

    Materialpakka inneheld:

    • stoff til  bukse,
    • vest
    • trøye
    • lintråd
    • stoff til besetning
    • forstoff
    • knappar

    Ein skal berre sy halve størrelsar.

    Utstyr deltakar må ha med

    • Perm
    • Plastlommer
    • Blyant og viskelær
    • Notatblokk
    • Målband
    • Knappenåler
    • Kritt. Kvitt og farga
    • Synåler
    • 2 sneller bomull sytråd i ulike fargar
    • 1 snelle svart bomull sytråd
    • Fingerbøl eller sying
    • Saks til stoff
    • Saks til papir
    • Spiss brodersaks
    • Vinkellinjal/ linjal
    • Lintråd og voks til tråden
    • Pute til å ha på stolen. Det blir mykje stillesitting.
    • Fotoapparat eller mobil som du kan ta gode bilete med for dokumentasjon. Eventuelt gjera opptak av teknikkar

    Undervisninga tek til med felles samling kl. 09.00 måndag med informasjon og presentasjon av modulen. Lærarane orienterer om programmet for veka.

    Etter planen vil undervisninga bli avslutta med lunsj kl. 12.00 fredag. 

    Kost og losji

    Hugs å ta kontakt med Raulandsakademiet på tlf. 35 07 32 92, om du ønskjer overnatting der. Kost og losji på kjem i tillegg til kursavgift.

    Dei tilbyr overnatting på enkelt- eller dobbeltrom, med frukost eller fullpensjon. Når de bestiller sei frå at det gjeld Bunadopplæringa.

    Kurslærar

    Joar Vaagø og Anny Strand 

    Velkommen!

    Vedlegg:

    Vekeplan

    Modul 5 Saum i mannsbunad og innføring i tilpassing

    Måndag, tysdag og ½ onsdag:

    Saum av plagg i halv størrelse (vest, bukse og jakke)

    onsdag (halve dagen):

    Drakthistorie, informasjon om konfeksjonssydde-, skreddarsydde-  og rekonstruerte bunader.

    torsdag og ½ fredag:

    Tilpassing av lerretsmodellar  og mønsterjustering.

    Undervisninga startar kvar morgon kl. 09.00 i Vinjesalen ved Raulandsakademiet, og de held på fram til middag kl. 18.00.

    Veka avsluttas med lunsj fredag kl. 12.00. 

    Måltid:

    08.00 – 09.00       Frukost
    12.00 – 12.30       Lunsj
    16.00 – 16.30       Kaffepause
    18.00 – 19.00       Middag

    (med atterhald om mindre endringar)

    Kopiar frå Bunadsleksikonet om mannsbunad frå Numedal 1-6

  • Modul 1 Introduksjon til bunadtilverkarfaget 7.-11.11.2022

    Modul 1 Introduksjon til bunadtilverkarfaget 7.-11.11.2022

    Modul 1 introduksjon til bunadtilverkarfaget

    7. – 11. november (E. kursrekkje 2022 – 2024 INTENSIV)

    Kursstad

    Raulandsakademiet, Akademiet 2, 3864 Rauland. Korleis reise til Rauland?  https://visitrauland.com/reisen-hit/

    Raulandsakademiet, https://visitrauland.com/raulandsakademiet/

    Kost og losji: 

    Deltakarane må sjølv ta kontakt med akademiet for overnatting Tlf.: 35 07 32 92. Opplys om at det gjeld Bunadopplæringa. Raulandsakademiet tilbyr fullpensjon (frukost, lunsj, middag) kr. 1300,- per døgn.

    Kursavgift: 

    Modul 1 – 3, kr. 4850,-  per modul inkl. kursmateriell.

    Modul 4 – 6, kr. 5350,- per modul inkl. kursmateriell.

    (Prisen blir indeksregulert kvart år). I tillegg til kursavgift kjem kost og losji.

    Undervisningstid: 

    Måndag – fredag kl. 09.00 – 18.00. Siste dag avsluttast kl. 13.00.

    Kursavgift Modul 1

    kr. 4850,- ( Faktura kjem i eiga e-post frå post@kulturogtradisjon.no ).

    Innhald

    Modul 1, handlar om Introduksjon til bunadtilverkarfaget, eit utval småteknikkar knytt til bunad, planlegging og gjennomføring av eige arbeid.

    Som fylgje av ny læreplan Vg3 bunadtilverkar/opplæring i bedrift, er det gjort justeringar i modulplanane frå og med ny modulrekkje. Mellom anna er snorer og band flytta til eigen modul.

    Bunadtilverkarfagets sentrale verdiar og eigenart

    • Dokumentasjon og presentasjon
    • Vegen til sveinebrev
    • Bransjeinformasjon
    • Bedriftsforståing
    • Eit utval sting- og reperasjonsteknikkar

    Omfang

    Presentasjon av bunadtilverkarfaget relatert til sveinebrevet og dokumentasjon av eige arbeid. Innføring i eit utval småteknikkar som sting og samansyings-teknikkar.

    Prøvelappar på:

    • Forsting
    • Kastesting
    • Skråtråkling
    • Attersting og opne attersting
    • Faldesting med prikk
    • Prikkesting/prikkestikning
    • Spilesaum

    Kompetansemål

    Planleggje, gjennomføre, vurdere og dokumentere eige arbeid. Bruk av fagleg nettverk lokalt og nasjonalt. Historisk riktige sting- og monteringsteknikkar.

    Utforske og bruke fagets historie og eigenart, og formidle og vidareføre tradisjonell kunnskap om bunadtilverking. Bruke formålstenlege arbeidsstillingar, og gjere greie for gode arbeidsrutinar i ein produksjon. Vurdere og utføre reparasjonar og omsaum på bunader. Utrekning av tid og pris på eigne produkt, og gjere greie for korleis ulike val påverkar tidsbruk og lønsemd.

    Modulane i Bunadopplæringa er bygd opp kring kompetansemåla i læreplanen for bunadtilverkarfaget Vg3, og kan inngå som ein del av vegen til sveinebrev.

    Kurslærarar: 

    Mona Løkting og Hege-Therese Nilsen

    Kurslærar har med seg det som trengs av materiell som garn, stoffar og sytråd.

    Deltakaren tek med: 

    Perm, plastlommer, skrivesaker, knappenåler, saks, måleband, tråkletråd, fingerbøl, fotoapparat eller mobil til å ta bilde for dokumentasjon.

    Ta gjerne med:

    • Lupelampe. Det er tilgang til dette, men ta gjerne med om du vil bruke eiga.
    • Briller. Vi brukar ofte to par utanpå kvarandre
    • Hovudlykt, om du har. Vi treng godt ljos.
    • Nåler. Ta med deg ulike nåler, tynne, tjukke, lange, stutte, spisse og butte.
    • Nål-i-treder
    • Noko som kan reparerast. Flott med ulike eksemplar! Du kan fikse det på kurset eller få forslag til korleis det kan reparerast.
    • Om du har strikkeplagg med hull i – Ta med! Har du tid, lag gjerne 3 – 4 lappar, ca 10 x 10 som du kan klippe hull i og stoppe.

    Du er hjarteleg velkommen til å ta kontakt om du har spørsmål.

    På vegne av samarbeidspartane

    Beste helsing

    Linda Aaboen – Rådgjevar

    Studieforbundet kultur og tradisjon
    Vågåvegen 35, 2680 Vågå
    Tlf.: 61 21 77 50/ 957 75 770

    www.kulturogtradisjon.no

    linda@kulturogtradisjon.no

    Vedlegg:

    • Ny læreplan vg3 bunadtilverkarfaget opplæring i bedrift.
    • Støttelitteratur
    • Kursplan
    • Timeplan
    • Deltakarliste