Modul 1 Introduksjon til bunadtilverkarfaget 7.-11.11.2022

Modul 1 introduksjon til bunadtilverkarfaget

7. – 11. november (E. kursrekkje 2022 – 2024 INTENSIV)

Kursstad

Raulandsakademiet, Akademiet 2, 3864 Rauland. Korleis reise til Rauland?  https://visitrauland.com/reisen-hit/

Raulandsakademiet, https://visitrauland.com/raulandsakademiet/

Kost og losji: 

Deltakarane må sjølv ta kontakt med akademiet for overnatting Tlf.: 35 07 32 92. Opplys om at det gjeld Bunadopplæringa. Raulandsakademiet tilbyr fullpensjon (frukost, lunsj, middag) kr. 1300,- per døgn.

Kursavgift: 

Modul 1 – 3, kr. 4850,-  per modul inkl. kursmateriell.

Modul 4 – 6, kr. 5350,- per modul inkl. kursmateriell.

(Prisen blir indeksregulert kvart år). I tillegg til kursavgift kjem kost og losji.

Undervisningstid: 

Måndag – fredag kl. 09.00 – 18.00. Siste dag avsluttast kl. 13.00.

Kursavgift Modul 1

kr. 4850,- ( Faktura kjem i eiga e-post frå post@kulturogtradisjon.no ).

Innhald

Modul 1, handlar om Introduksjon til bunadtilverkarfaget, eit utval småteknikkar knytt til bunad, planlegging og gjennomføring av eige arbeid.

Som fylgje av ny læreplan Vg3 bunadtilverkar/opplæring i bedrift, er det gjort justeringar i modulplanane frå og med ny modulrekkje. Mellom anna er snorer og band flytta til eigen modul.

Bunadtilverkarfagets sentrale verdiar og eigenart

  • Dokumentasjon og presentasjon
  • Vegen til sveinebrev
  • Bransjeinformasjon
  • Bedriftsforståing
  • Eit utval sting- og reperasjonsteknikkar

Omfang

Presentasjon av bunadtilverkarfaget relatert til sveinebrevet og dokumentasjon av eige arbeid. Innføring i eit utval småteknikkar som sting og samansyings-teknikkar.

Prøvelappar på:

  • Forsting
  • Kastesting
  • Skråtråkling
  • Attersting og opne attersting
  • Faldesting med prikk
  • Prikkesting/prikkestikning
  • Spilesaum

Kompetansemål

Planleggje, gjennomføre, vurdere og dokumentere eige arbeid. Bruk av fagleg nettverk lokalt og nasjonalt. Historisk riktige sting- og monteringsteknikkar.

Utforske og bruke fagets historie og eigenart, og formidle og vidareføre tradisjonell kunnskap om bunadtilverking. Bruke formålstenlege arbeidsstillingar, og gjere greie for gode arbeidsrutinar i ein produksjon. Vurdere og utføre reparasjonar og omsaum på bunader. Utrekning av tid og pris på eigne produkt, og gjere greie for korleis ulike val påverkar tidsbruk og lønsemd.

Modulane i Bunadopplæringa er bygd opp kring kompetansemåla i læreplanen for bunadtilverkarfaget Vg3, og kan inngå som ein del av vegen til sveinebrev.

Kurslærarar: 

Mona Løkting og Hege-Therese Nilsen

Kurslærar har med seg det som trengs av materiell som garn, stoffar og sytråd.

Deltakaren tek med: 

Perm, plastlommer, skrivesaker, knappenåler, saks, måleband, tråkletråd, fingerbøl, fotoapparat eller mobil til å ta bilde for dokumentasjon.

Ta gjerne med:

  • Lupelampe. Det er tilgang til dette, men ta gjerne med om du vil bruke eiga.
  • Briller. Vi brukar ofte to par utanpå kvarandre
  • Hovudlykt, om du har. Vi treng godt ljos.
  • Nåler. Ta med deg ulike nåler, tynne, tjukke, lange, stutte, spisse og butte.
  • Nål-i-treder
  • Noko som kan reparerast. Flott med ulike eksemplar! Du kan fikse det på kurset eller få forslag til korleis det kan reparerast.
  • Om du har strikkeplagg med hull i – Ta med! Har du tid, lag gjerne 3 – 4 lappar, ca 10 x 10 som du kan klippe hull i og stoppe.

Du er hjarteleg velkommen til å ta kontakt om du har spørsmål.

På vegne av samarbeidspartane

Beste helsing

Linda Aaboen – Rådgjevar

Studieforbundet kultur og tradisjon
Vågåvegen 35, 2680 Vågå
Tlf.: 61 21 77 50/ 957 75 770

www.kulturogtradisjon.no

linda@kulturogtradisjon.no

Vedlegg:

  • Ny læreplan vg3 bunadtilverkarfaget opplæring i bedrift.
  • Støttelitteratur
  • Kursplan
  • Timeplan
  • Deltakarliste